Før og etter



Det var ein fornøyelse å få rommet til Madeleine ferdig. Det tok litt lenger tid enn eg først trudde, men med litt tålmodighet og innsats, er me i mål. Jenta blei fornøyd, og eg er igong med planlegging av neste rom. Ikkje det at eg bur i ei rønne, men det er alltid greit med litt fornyelse.









Bedre enn gråpapir...

Ein fabelaktig nyttig ting å bruke tid på...

Fekk ideen til desse gave-eskene på ein av mine favoritbutikkar, dvs garnbutikken her i nærheten. Denne gongen var det ikkje tråd eg kom heim med, men ein god ide og nokre papirbitar.







Det er jo litt begrensa kva du kan putte oppi her, men til skjerf, vottar og andre bøyelege ting går det jo fint...

Ha ein fin søndagskveld


 

OMG

I dag har eg gravd meg ned i mine nye skulebøker...eg er nemlig blitt student. Eg leser veiledningspedagogikk så det suser. Det følger ein del opgaver med, og eg vinkler litt mellom nynorsk og bokmål...er så mange ord på nynorsk som hverken ser eller høyrer bra ut.

Siden sist har mi kjære venninne fått sin fjerde baby...det er litt av ein prestasjon. Gleder meg verkeleg til å helse på henne...hadde det vore eg som fekk baby, hadde eg gått beserk i retrobutikkar og herlege, grønne mønstre..Eg skulle levd ut nostalgien på alle plan...

 

Retro Swag

 

 

 

Ingen har det travlere enn andre....

"Eg er så travelt opptatt, at eg har ikkje......" er etter min meining eit teit uttrykk. For det første har ein det ikkje travlere enn andre, det er i tilfelle snakk om feilprioriteringer. For det andre er det eit individuelt begrep...

Så eg skal ikkje skylde på at eg har hatt det travelt den siste tida...men eg har vore lite heime og hatt andre ting å tenkt på, så blogging har vore nedprioritert. Eg møter imidlertid søndagen med nedsenka skuldre, kaffikopp og jobbpc langt vekke. Mulig eg må hente den, men ikkje ennå...

Eg er godt igong med høstens strikkeprosjekt. Det er vel ikkje noko bombe at det er sokker, men nytt for året er lange halser...med tjukk tråd på tjukke pinner, er det relativt raskt å strikke ein hals og to.








Håper alle får ein fin søndag. Regn eller sol, whatever....Eg gidd ikkje ofre været ein tanke, for det blir som det blir uansett.

Barn og penger

Eg tjuvlytta på ein far og ein sønn idag...Vanvittig interessant om eg skal vere heilt ærleg. Eg vandra rundt i ein sportsbutikk, og står attmed ein guttunge på seks-sju år. Guten står å held på eit par fortballsko, og seier til faren:

"pappa, dessa skonå koste barra tusen kroner, det var ikkje så gale det,da"

Eg måtte le, for denne gutten såg ikkje så mange grunnar til at han ikkje kunne få kjøpe skoene, der han på si haugesundsdialekt prøver å overbevise faren om at han er komt over eit kupp, på ein måte..

Vel, slike offentlige diskusjonar med mine egne barn er eg så dårleg på at eg unngår å ta dei med på handleturar. Anton "den kresne" var uansett fornøyd idag, for det var han som kom best ut med tre gensrar, tre bukser og to ulltrøyer..





M for mann

Madeleine skal i temabursdag i kveld, der alle må kle seg ut som noko på første bokstav i navnet. Kreativt...

Det var ikkje vanskeleg å finne klær, for me har både gutteskjorter og slips i hus. Dessuten var dette Madeleine sin egen ide...Ho var innom både musiker, monster, maler og magiker, men landa altså på mann.

Ho er søt til vanlig, men maskulin i kveld....









I girl know what a girl`s gonna do

Snart er det offisielt haust igjen. Heilt iorden for meg...Eg liker ikkje hausten bedre enn dei andre årstidene, men eg er alltid klar for neste "steg".

I dag har eg fått pakke i posten. Det er ufattelig tilfredstillande å opne ein pakke med eit innhold du faktisk umiddelbart liker. For det er jo alltid ein fare for at det ikkje alltid blir som forventa...Men jatakk til netthandel. Kan det bli enklare, eller?

Dessuten er det fleire pakker på vei....ein nødvendig og ein unødvendig. Dvs ein pakke med noko eg faktisk veit eg ikkje treng for øyeblikket. ...men.....A girl know what a girl`s gonna do...

Høstklem....

Småirritert

Har vingla litt denne veka, iforhold til blogg...Hovedintensjonen min har alltid vore det å ha ein egen plass eg kan uttrykke eg, lufte meinigar og få kommentarer. Men det irriterer meg at folk ikkje tør å bruke navnet sitt når dei meiner noko "negativt". Berre for å presisera det ein gong for alle, det er heilt iorden at du  ikkje er enig med meg eller meiner eg er stygg, men ikkje gidd å vær anonym...

Liker egentlig at folk tør å sei og stå for meiniga si, det er noko eg alltid prøver på sjølv. Og fortel meg gjerne om mine feil og mangler....men herregud, sei det på ein saklig og respektfull måte....That`s all I ask for....

Høyr på denne kommentaren då (den er ikkje offentliggjort, nettopp fordi avsender var anonym):

Sitat start: "Hei så fine dokke e not buuuu" sitat slutt... denne personen hadde vore inne å kikka på bilder av meg og mine søstre/bror...

I tilegg til å gå rundt her å småirritere meg over dette, har eg baka boller....Meiner sjølv eg har verdens beste bolleoppskrift. Fordi dei ikkje heng fast i bordet når eg triller dei ut og fordi dei smaker himmelsk....

Som du ser, så bryr eg meg lite om utseende og størrelse, det er smak, og kun smak som teller...Har ei venninne som faktisk veier deigen før ho triller ut... ser ho for meg der ho river deig av ein prosjon, og klatter på den neste...

Hjelpe meg...

Sorry altså, men dette her er eg ikkje noko god på...Å legge bokbind på bøker er ei oppgave som får meg til å frese av frustrasjon. Dessuten tar eg meg i å starte ein konkurranse med meg sjølv....liksom bruke kortast mulig tid på kvar bok...Resultatet blir så som så, men eg blir iallefall ferdig. Og stakkars den som snakker til meg i dette irriterande opplegget......Hjelpe meg....Er det berre meg eller?

Liker imidlertid at kvardagen er tilbake. Jobb, trening og linedance...fantastisk...


 

 

Gamle skatter

Sjå kva me fant på naustet...eller ikkje eg då, men Lars Anton. Sånne trekasser er jo så i vinden for tida, og desse her passer ypperlig til pynt, oppbevaring eller kva det no måtte vera.

Kassane er gamle, orginale ølkasser. Eller bruskasser, om du vil. Det er jammen bra at det finnes folk som tar vare på ting. Ein dag kan det nemlig komme til nytte.





Les mer i arkivet » November 2011 » Oktober 2011 » September 2011
hits